Studentombodet si verksemd for driftsåret 2018 blir syna gjennom denne årsmeldinga. I tillegg til årsmeldinga mottar rektor og styret ved Høgskulen på Vestlandet ein kortfatta rapport om verksemda, med vekt på høva ved HVL.

I løpet av 2018 blei det meldt inn 189 saker til studentombodet. Årsmeldinga innheld statistikk om korleis sakene fordeler seg på månad, studiestad og frå hausten 2018 òg på fakultet. I løpet av året blei 193 saker handsama ferdig. Det inneber at det er 4 færre saker som ligg over frå 2018 til 2019 enn det var frå 2017 til 2018.

Studentombodet sin offentleg verksemd er delt inn i kursverksemd, markandsføring og anna offentlig deltaking i årsrapporten. Den viktigaste satsinga for ombodet både i 2018 og for fremtida er å etablere gode digitale tenester. I 2018 har studentombodet innført eit nytt sakshandsamingssystem for oppfølging av saker. Studentombodet.no er blitt styrka med ein hjelpeportal knytt til sakssystemet og arbeidet med etablering av ein wiki for universitets- og høgskulerett er satt i gang.

Både i løpet av våren og hausten har Studentombodet vore til stades på nasjonale og internasjonale konferansar saman med andre studentombod og i sektoren forøvrig. Det har vore eit fokusområde å både styrke den interne kompetansen og gjere ordninga synlegare blant andre i universitets- og høgskulesektoren.

Pågangen av komplekse saker til Studentombodet har vært liten. Sjølv om antal saker har gått opp er handsamingstida på dei fleste sakene lav. Ombodet opplev difor å ha ein del restkapasitet til sakshandsaming og har difor anbefalt at Høgskulen på Vestlandet samarbeider med fleire institusjonar for å utnytte kapasiteten.

Under finn de ei utfyllande årsmelding frå Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet. God lesing!

Med beste helsing
Sindre R. Dueland
Studentombod HVL

Innhald

Artiklar

I dette kapittelet av årsmeldinga finn de to artiklar om utvalde emne.

Tilbake til innhaldslista.

Rettstryggleik i praksis

Studentar i Norge har eit sterkt rettsvern og er betre beskytta mot urettferdig handsaming enn i dei fleste andre land. Mellom anna gjeld alle krava til handsaming i forvaltingslova og spesielle reglar i universitets- og høgskulelova. Det som stort sett peiar seg ut som det viktigaste reguleringsområder er reglane knytt til vurdering av studenten. I 2018 har det vore ein del støy knytt til verkandene av såkalla blind sensur. Det er likevel ikkje der studentane sitt rettsvern blir sterkast utfordra. Reglane om blind sensur gjeld berre når vurderinga kan klagast på. Det er når vurderinga ikkje kan klagast på studenten sin rettstryggleik blir utfordra.

Den særskilde klageordninga for vurdering av studenten sine prestasjonar er gitt i universitets- og høgskulelova § 5-3 fjerde til sjuande ledd. I femte ledd første setning har lovgivar gjort unntak for bedømming av munnleg prestasjon og vurdering praksisstudie eller liknande som ikkje lar seg etterprøvast. Det vil seie at ein ikkje kan klage på karakteren ein har fått ved desse prøvingsformane.

Munnleg eksamen kunne vore ein del av denne problemstillinga. Ved Høgskulen på Vestlandet har derimot bestemt at det skal vere to sensorar ved alle munnlege og praktiske eksamenar ved institusjonen (jf. studieforskrifta § 11-1 femte ledd bokstav b). Det medfører i røynda at alle vurderingar studenten blir utsatt for enten kan vere gjenstand for klage eller er vurdert av to sensorar ved første vurdering – bortsett frå praksis.

Studentar som går ut i praksis har ikkje alltid dei same gode opplevingane. Når studenten først kjem til studentombodet har ho gjerne vore innom både tillitsvalde og administrasjonen ved institusjonen. Sjølv om det er svært få studentar som kjem i ein uheldig situasjon i praksis er verkandene for dei det gjeld ofte alvorlege. Studentane har berre to forsøk i praksis. Å stryke kan føre til utsatt studieprogresjon. Og grunngjevinga for kvifor ein stryk i praksis er ofte meir knytta til personlege eigenskaper enn det som er tilfellet ved anna vurdering. Slik må det likevel vere. Praksisvurdering prøvar mykje meir enn kunnskapene til den enkelte.

Det som gjer praksisvurderinga utfordrande for rettstryggleiken til studenten er kor liten vekt institusjonen vel å legge på studentane sine skildringar av praksis. Når studentar møter studentombodet om utfordringar i praksis er det som regel fordi dei er fortvilt over dårleg rettleiing og det dei opplever som ein uvanleg streng vurdering. Nokre praksisrettleiarrar er kanskje òg for tydelige på at dei kan gje vurderinga ikkje bestått om dei ynskjer.

Studentar som opplev problem i praksis har lite rettsvern i form av klagemoglegheiter. Dei har òg lite vern når dei opplev utfordringar i løpet av praksisperioden. Studentane må bestå praksis. Om eit opphald blir avbrutt må studenten ta praksis på nytt. Om studenten klagar på rettleiinga i ein praksisperiode er dei redd for å stryke. Dei skal uansett bli vurdert av den personen dei ev. klager på.

Studentombodet har snakka med fleire studentar som opplev problem i praksis og som ikkje føler dei blir trudd av insittusjonen eller som opplev at institusjonen er redd for å miste praksisplassen. I dei fleste tilfella er det fleire studentar på same praksisstad og dei har difor moglegheit til å støtte kvarandre sine skildringar. Studentane vel likevel som regel å la sakene ligge. Dei er for redd for konsekvensane.

Sak om ikkje bestått praksis
Ein student kontakta Studentombodet om ei sak der studenten hadde fått varsel om ikkje bestått praksis. Studenten fekk seinare endeleg vurdering med same resultat. I følgje forklaringa til studenten var rettleiinga i praksis mangelfull og praksisrettleiar var tidvis ikkje til stades.

I gjennomgangen av saken stilte ombodet punkta studenten hadde fått merknad på i varselet opp mot punkta i vedtaket. I tillegg så ombodet på den konkrete grunngjevinga for vedtaket om ikkje bestått praksis. Ombodet meinte grunngjevinga var for svak. Grunngjevinga var ein kopi av varselet bortsett frå ei setning. Den utfyllande grunngjevinga for ikkje bestått var “[studenten] viser manglende kunnskaper og ferdigheter på alle områder beskrevet i emneplan for praksis”. Ombodet meinte grunngjevinga var for dårleg og anbefalte klage.

I saken for klagenemnda anførte studenten både kvaliteten på rettleiinga i praksis, fråvær hjå praksisrettleiar og mangelfull grunngjeving. Når det gjeld dei to første uttalte fakultet i saken at “Dersom studentens uttalelse her viser seg å være riktig, kan det muligens være grunnlag for å vurdere om det er gjort formelle feil som kan ha påvirket prestasjonen. Det er imidlertid ikke mulig for oss å ta stilling til dette på bakgrunn av studentens uttalelse. Dersom vi skal finne ut av dette må det innhentes ny og mer detaljert informasjon.”

Klagenemnda kom til at manglande rettleiing ikkje var gjenstand for vurdering av nemnda. Vidare kom klagenemnda til at “sluttvurderingen som er gitt, kan anses å ligge i nedre sjikt av hva som kan aksepteres av en sluttvurdering med t~nke på krav t il begrunnelse gitt i forvaltningsloven § 25.”

Studenten tok vedtaket til følge og saken blei der avslutta. Studentombodet merker seg likevel at klagenemnda i saken ikkje hadde greid ut saka på bakgrunn av dei opplysningane som lå føre (jf. fråsegnet over frå fakultet) og hadde avgrensa sitt eige mandat lenger enn det som går frem av forvaltingslova § 34 andre ledd første setning.

Studentombodet anser avgjerda i klagenemnda for å ha liten vekt som uttrykk for forvaltningspraksis ved Høgskulen på Vestlandet.

Tilbake til innhaldslista.

Sensurfrist

Sensurfristen i Norge er på tre veker rekna frå eksamensdagen. Studentane opplev rett nokk at sensurfristen ikkje blir halden i for mange tilfeller. Ved Høgskulen på Vestlandet har ein før revidering av studieforskrifta hatt ei føresegn som forlenger sensurfristen om det er heilagdager i sensurperioden. Føresegna er i strid med gjeldande rett og er foreslått endra i samsvar med dei forpliktingane høgskulen har etter universitets- og høgskulelova i samband med revidering av forskrifta.

Fristen for å gje sensur er tre veker frå eksamensdagen. Det vil seie tre veker frå den dagen eksamen er avslutta på. Om det er ei mappevurdering eller ein heimeeksamen er det fristen for innlevering som danner utgangspunkt for sensurfristen, uavhengig av når studenten faktisk leverer.

Når fristen byrjar å løpe skal det ikkje ta meir enn tre veker før studenten har fått sensur. Med tre veker meinast det same vekedag tre veker frem i tid. Altså, om eksamensdagen er ein tysdag så er fristen tysdag tre veker (21 dager) seinare. Fristen løp ut ved midnatt.

Det er mogleg å forlenge fristen dersom det er slik at fristen løp ut på ein heilagdag. Fristen skal då forlengast til første påfølgjande arbeidsdag. Det same gjeld om fristen løp ut på ein laurdag eller søndag. Til dømes vil ein sensurfrist som løp ut på onsdag 1. mai bli forlenga til torsdag 2. mai. Om fristen uansett fell på 2. mai blir den ikkje forlenga sjølv om det er heilagdag i sensurperioden. Den lengste forlengiga ein kan få er om fristen fell på sjertorsdag. Då blir fristen forlenga til tysdag etter 2. påskedag. Nest lengst dersom fristen fell på første juledag og første juledag er på ein torsdag.

Korkje julafta eller nyttårsafta er heilagdag. Fell fristen på ein av desse dagane må senuren publiserast då.

I tillegg til utsatt frist på grunn av helg og heilagdag kan fristen bli utsatt dersom styret sjølv vedtar det i samsvar med føresegna i universitets- og høgskulelova § 3-9 fjerde ledd andre og tredje setning.

Om sensor blir sjuk, det skjer ei naturkatastrofe, eit krigslignande åtak, er opprør eller streik som påverkar moglegheita til å gjennomføre sensuren kan ein utsetje fristen utan at styret gjer vedtak. Det må vere ei såkalla Force Majeure hending, noko insitusjonen ikkje kan skuldast for eller ta høgde for.

Om fristen blir brutt utan at det er lovelg utsetjing på grunn av heilagdag, på grunn av vedtak i styret eller på grunn av force majeure så har institusjonen brutt sine tenesteplikter. Sidan høgskulen sine tilsette er offentlige tenestemenn må ein då vurdere om det skal gis sanksjonar i samsvar med statansattelova sine føresegn om ordensstraff (jf. statsansattelova § 25 første ledd bokstav a andre alternativ). Føresegna om ordensstraff er ei “kan” føresegn og bør i utgangspunktet ikkje nyttast om det er første gong sensor ikkje leverer sensuren i tide. Samstundes er det ei av svært få klart definerte tenesteplikter i universitets- og høgskulelova og det bør føre til skriftleg varsel om tenesteplikta blir brutt.

I følge tal fra eksamenskontoret hadde 16,6 % av alle eksamenar ved HVL for sein sensur hausten 2018. 202 emner.

Forsinka sensur
Ein student tok kontakt med studentombodet om forsinka sensur i to emner. Ombodet viste til eksamenskontoret og bad studenten sette ombodet i kopi på korrespondansen. Om lag ein månad etter sensurfristen var gått ut fekk studenten, etter andre purring, beskjed om at eksamenssvara til studenten var funnen på studiestaden og at dei ville bli sendt til sensur.

Tilbake til innhaldslista.

Sakshandsaming

Det var ein liten oppgang i saker frå året før, der det var 130 saker i 2017 var det 189 saker i 2018. Òg i kvar sakene kjem frå og kva dei gjeld er det nokre skilnader frå året før. Jamt over er det derimot eit ganske likt bilete. Samstudents som det er blitt fleire saker i 2018 har kompleksiteten i sakene tatt seg merkbart ned det siste halve året.

Tilbake til innhaldslista.

Statistikk

I 2018 var det ein liten oppgang frå 130 saker året før til 189 saker i 2018. Ein av grunnane til at det er fleire saker hjå studentombodet i 2018 er openbart at ombodet ikkje var i drift i heile 2017. Det var òg første året og ordninga vart ikkje godt nok kjent til at ein med rette kan samanlikne dei to åra.

Antall saker i 2018 i høve til 2017.

Når det gjeld fordeling av saker per månad har det òg vore ei auke i saker frå 2017 til 2018. Som ein kan sjå i den månadsfordelte grafen er skilnaden liten i haustsemesteret sine fire første månader. Det som kanskje er mest interessant er auka i desember. Der ser ein at det er mykje fleire saker utan at det er noko naturleg forklaring på det.

Antall saker per månad i snitt i 2018 og ti siste månader 2017.

I 2018 var januar og desember dei to månadene med klart flest saker. Når ein i 2020 får frem endeleg statistikk for 2019 vil det vere interessant å sjå om dette er ein vedvarande tendens. Det som allereie er klart er at 2019-tala for januar òg er noko høgare enn året før. Sett på ein annan måte er det altså ikkje slik at fleire saker i desember fører til færre saker i januar, som kunne vore ein forklaring på auka.

Saker per månad gjennom året i 2018 og 2017.

Saker per sakstype

Saksfordelinga per sakstype viser at det er eit stort fleirtal av saker knytt til eksamen og vurdering. Statistikken over saksfordelinga etter type vil bli endra og om mogleg standardisert i samarbeid med andre studentombod i løpet av dei neste åra. Slik den ligg føre seg no gir den ikkje nødvendigvis eit godt bilete på kva sakene eigentleg gjeld og ein bør vere varsam med å tolke for mykje ut av talla. Nokre saker kan òg først gjelde eit saksområde og utvikle seg til etter kvart å gjelde noko heilt anna.

Fordeling på sakstype i 2018 og 2017.

 
Sak om tilrettelegging for annet morsmål
Ein student ved HVL som opphavleg hadde eit anna morsmål enn norsk søkte om utvida tid på eksamen. Faglærar hadde sagt at det var fagleg forsvarleg og mogleg å gi tilrettelegging med utvida tid. Administrasjonen kom frem til at det ikkje var mogleg å gi tilrettelegging og viste til at studieforskrifta § 9-13 første ledd omtala personar med “sjukdom, skade eller funksjonsnedsetjing” og at dei følgande andre til femte ledd gjaldt same krets.

Studentombodet anbefalte klage, då tolkinga til administrasjonen ville medføre at òg studentar som ønska ammetid med heimel i studieforskrifta § 9-13 tredje ledd bokstav h måtte ha “sjukdom, skade eller funksjonsnedsetjing”. Ombodet viste òg til universitets- og høgskulelova § 4-3 femte ledd. Klagenemnda var ikkje einig i ombodet sin vurdering.

På bakgrunn av vedtaket i klagenemnda søkte ombodet råd hjå Kunnskapsdepartementet og hjå Likestillings- og diskrimineringsombodet. Departementet svarte at institusjonen kan forskriftsfeste retningslinjer så lenge det ikkje gir dårlegare vern enn etter lova. Ombodet oppfatta det som ei stadfesting av at ein ikkje kan definere kva som meines med “særskilde behov” i universitets- og høgskulelova § 4-3 femte ledd, dersom det fører til at personar med “særskilde behov” ikkje har moglegheit til å få tilrettelegging av institusjonen.

Likestillings- og diskrimineringsombodet meinte det var tilstrekkelig tilrettlegging i høve til spørsmål om indirekte diskriminering at studenten hadde tilbod om ordbok på eksamen.

Studentombodet avslutta saka etter rettleiinga frå Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Saker per studiestad

Det er ikkje overraskande flest saker frå studiestad Bergen. Av dei andre studiestadene skjuler «ukjent og felles» ein del saker som i røynda kanskje kunne fått nemnt studiestad. I tillegg er det ein del generelle spørsmål som kjem frå tillitsvalde som dekker fleire studiestadar. I ein del saker er problemstillinga òg kjent av studentombodet før saka kjem inn, gjennom møte med tillitsvalde på studiestadane. Slike saker blir likevel ikkje ført på den einskilde stad om ikkje det er klart i løpet av sakshandsaminga kvar den spring ut frå. Studentane har ikkje fått spørsmål om kvar ho eller han studerer om det ikkje har vært relevant for saka.

Saker per fakultet

Samanstilling av saker per fakultet er meir nøyaktig enn samanstillinga av saker per studiestad. Den er ny frå hausten 2018 og innhaldet kan ikkje tolkast for nøye. Samanstillinga er likevel tatt med i denne rapporten sidan det ikkje er syna nokre særlege avvik i løpet av hausten 2018. Det er verd å merke seg at det berre gjeld saker med kjent fakultet og at det er 18 % av sakene der fakultetstilknytinga til studenten er ukjent.

Språket til studentane

På grunn av krava i mållova blir målføret til studentane registrert når dei tek kontakt. For den som er særs interessert kan ein her sjå kva målføre studentane som tek kontakt med studentombodet nyttar. Denne delen av statistikken er ei samla relativitetsskive frå både 2017 og 2018.

Studiestadane

Saker per studiestad.

Størsteparten av sakane har framleis opphav i Bergen, og det er òg her det har vært størst auke i saker. Det kan vere fleire årsaker til dette, men ei klar oppfatning er at studentorgana i Bergen er betre organisert og har tettare kontakt med studentane enn på dei andre studiestadene. Det fører truleg til at studentane lettare finn frem til studentombodet når dei har behov for bistand.

Sjølv om mengda saker er størst i Bergen er det ikkje her trykket er størst når det gjeld kompleksiteten i sakene, eller kor alvorlege dei er. Av alle studiestader skil Stord seg ut som den studiestaden kor studentane er minst nøgd og kor det er størst problem med større grad av alvor. Av saker som har medført mekling eller samtale der studentombodet har vært til stades har om lag to tredjedelar av sakene vore på Stord.

Som ein kan sjå av statistikken er det svært lite saker i Haugesund. Det er litt vanskeleg å forstå kvifor Haugesund skil seg slik ut. Studentombodet har stått på stand ved fleire høve i Haugesund og har god kontakt med lokalt studentdemokrati. Som nemnt over er det nokre saker som blir ført som «ukjent» sjølv om det truleg kunne blitt plassert på ein studiestad. Haugesund har ein del slike saker, men det er ikkje nok til å forklare det store gapet mellom Haugesund og andre studiestader.

Elles er saksmengda frå dei forskjellige studiestadene stort sett som forventa. Av ukjent og felles er det ein del saker som går rett på felleseiningar, men det er ingen ting i den underliggande statistikken som skil seg nemneverdig ut.

Saker per studiestad i 2018 og 2017.

Fakulteta

Saker per fakultet.

Frå og med hausten 2018 er det ført ein oversikt over kva fakultet sakene stammer frå. Statistikken er ny og det er ikkje mange nok saker til at den bør danne eit bilete av skilnader mellom fakulteta. Den er tatt med for å syne korleis fordelinga har vært etter innføringa av nytt sakshandsamingssystem hausten 2018. Statistikken her skal på sikt danne grunnlag for rapportering direkte til fakulteta.

I den litle statistikken som ligg føre er det nærmast perfekt balanse mellom relative saker og studentar på FIN og FØS. På FHS og FLKI er bildet noko anna. Om ein ikkje hadde sett på dei relative tala ville FLKI kome dårleg ut i statistikken. Eit intrykk ombodet hadde før utrekninga var at FLKI var overrepresentert i statistikken for hausten. Den relative fordelinga syner at bildet ikkje er så ille.

Når det gjeld einingar på lågare nivå er det forsøkt ført statistikk for dei. På grunn av måten saker kjem inn på har det derimot vist seg vanskeleg å vere nøyaktig i føring av slik statistikk. Studentombodet sin statistikk for einingar vil difor ikkje syne fleire detaljar enn fakultet.

Saker per fakultet relativt til studenttalet (frå DBH).

Målføre

I tillegg til den saklege statistikken har studentombodet ført statistikk over kva målføre studentane nyttar når dei tek kontakt med studentombodet. Det som har vore litt overraskande i den samanhengen er ikkje nødvendigvis den konkrete statistikken (her representert med eit kakediagram), men kva målføre studentane blir svara på av høgskulen. Det skjer støtt og stadig at studentar som nytter bokmål får svar på meldingar til høgskulen på nynorsk. Det er ikkje i samsvar med mållova og Høgskulen på Vestlandet er rett og slett ikkje god nok til å følgje kravet i mållova § 6. Studentombodet har ikkje utforma nokre strategiske anbefalingar på dette området i år, men om ikkje situasjonen betrar seg kan det kanskje vere nødvendig med kursing av dei tilsette i bruk av bokmål i framtida.

Sak med vedtak på feil målføre
Ein student tok kontakt med studentombodet om ei sak der studenten var ueinig i eit vedtak. Studnetombodet gjekk gjennom korrespondansen mellom studenten og HVL og peika, ved sidan av saka elles, på at studenten skulle fått vedtaket på sitt eige målføre. Administasjonen retta opp feilen i den vidare korrespondansen med studenten. Då saken vart handsama i klagenemnda blei vedtaket igjen utforma på feil målføre. Studenten sitt målføre var bokmål.

Tilbake til innhaldslista.

Oversikt over avslutta saker

Oversikta under er ei oppstilling av alle saker som vart avslutta i 2018.

Tilbake til innhaldslista.

Offentleg verksemd

Den offentlege verksemda til Studentombodet er alle deler av tenesta som ikkje er retta inn mot einskildsaker. Mellom anna gjeld det oppgåver Studentombodet er gitt direkte ansvar for i mandatet, som opplæring av studenttillitsvalde og å gjere tenestene til studentombodet kjent. I tillegg kjem studentombodet si deltaking på arrangementer og i det offentlige ordskiftet som ledd i forbetring av tenesta og å spreie bevistheit om studentrettar og ombodstenesta.

Tilbake til innhaldslista.

Kurs og opplæring

Studentombodet har deltatt på opplæringar av tillitsvalde i 2018, i samarbeid med andre gode partnerar.

I regionane

Studentombodet hadde saman med Saman, Velferdstinget og Studenttinget kurs for studenttillitsvalde i regionane i 2018. Det var noko meir vellukka enn tidelgare kurs i regionane. Ombodet har òg halde føredrag for studenttillitsvalde i Sogndal ved eit høve.

Organisasjonskurs

Studentombodet har deltatt på Studenttinget si kurshelg i Ulvik og har holde to føredrag for studentane der. Av kursa ombodet held synes desse å vere dei føredraga som har størst nytte. Både med tanke på generell opplæring og med tanke på kontakt med studentane.

Generelt

Studentombodet har god kontakt med studentdemokratiet og tilbyr kurs i alle ledd. Diverre er det ikkje like lett å motivere studentane til å komme på dedikerte kurs hjå ombodet, så målsetnaden til ombodet er å kunne tilby opplæring i samband med anna tillitsvaldsopplæring.

I 2019 held ombodet på med å utarbeide ei løysing for opplæring i Canvas saman med mellom anna Studenttinget.

Tilbake til innhaldslista.

Marknadsføring

Marknadsføring til studentombodet handlar om digital tilgang. Til det beste for både ein spreidd studentpopulasjon og for miljøet.

Studentombodet arbeider med å vere tilgjengeleg og kjent for studentane på HVL uavhengig av studiestad. Mykje av arbeidet går meg på å vedlikehalde elektroniske portalar og for eksempel halde julekalender i desember. I tillegg er ombodet ein del på stand rundt om i regionane.

Elektronisk marknadsføring

Den elektroniske marknadsføringa skjer via studentombodet.no, Facebook, Instagram, Snapchat og i svært liten grad på Canvas (kunn éi melding om julekalenderen i 2018).

Målet med elektronisk marknadsføring er å nå ut til studentar uavhengig av studiestad. Samstundes er det svært vanskeleg å vere målretta. Erfaringane er likevel at den tida ombodet nyttar til å utforme elektronisk marknadsføringsprodukt gir god avkastning på saker ombodet får.

Fysisk marknadsføring

Den fysiske marknadsføringa er først og fremst på stand. Stand blir nytta for å synleggjere studentombodet.no som ein plattform studentane kan nytte seg av. Det har ikkje vore ein målsetning for studentombodet å ta i mot saker på stand og det er svært få som tek kontakt direkte – og når dei får tilbod om gratis kaffi. Likevel er det ein merkbar tendens til at studentar som har sett ombodet på stand tek kontakt elektronisk i ettertid. Oppfatninga er at stand fungerer.

Studentombodet sin reklame på Facebook og Instagram på “Black Friday”.

Tilbake til innhaldslista.

Anna offentlig deltaking

Tilbake til innhaldslista.

Konferansar mv.

Studentombodet har i løpet av 2018 deltatt på kurs, konferansar og nettverkssamlingar knytt til ombodet si verksemd. Ombodet har prioritert deltaking for å bygge opp den interne kompetansen, bidra til den nasjonale utviklinga av tenesta og dele eigne erfaringar frå HVL.

Eksterne kurs, konferansar og netterkssamlingar ombodet har deltatt på i 2018

  • Nynorsk juridisk skriveseminar med Juristmållaget på Haugastøl, 12. – 14. januar.
  • Nasjonal studentombodskonferanse vår på UiT i Tromsø, 15. – 16. mars.
  • Nasjonal likestillingskonferanse på UiB i Bergen, 10. – 11. april.
  • Nasjonal nettverkssamling for juristane i universitets- og høgskulesektoren på PHS i Oslo, 12. april.
  • Nasjonalt kurs for studentomboda om seksuell trakassering hjå Likestillings- og diskrimineringsombodet, i Oslo, 25. mai.
  • Internasjonal studentombodskonferanse i European med Newtwork for Ombuds in Higher Education på University of Edinburgh, 6. – 8. juni.
  • Når grenser brytes, på Arendalsveka, 16. – 17. august.
  • LMU-forum med Universell på USN i Drammen, 13. september.
  • Nasjonalt nettverksmøte for studentomboda, i Bergen, 17. oktober.
  • Skandinavisk studentombodskonferanse i Bergen, 18. – 19. oktober.
  • Nasjonal nettverkssamling for juristane i universitets- og høgskulesektoren på Høgskulen i Innlandet på Hamar, 23. oktober.
  • Nasjonal skikkethetskonferanse på Høgskulen i Innlandet på Hamar, 24. – 25. oktober.
  • Universell-forum på UiA i Kristiansand, 8. november.
  • Universell sitt byggseminar på NTNU i Trondheim, 27. november.

Samlingar i regi av dei forskjellige ombodsnettverka

Studentombodet deltar i eit nasjonal, eit skandinavisk og iet europeisk nettverk for ombud i høgare utdanning. Det europeiske nettverket har òg medlemmer fra land utanfor Europa, som Nord-Amerika og Oseania.

Av dei tre netterka er det nasjonale nettverket essensielt for å gjennomføre og tilby gode ombodstenester til studentane lokalt. Den spredde kompetansen ein kan dra av i diskusjonar og gjennom erfaringsutveksling i nettverket er unverlig gitt ombodet sin uavhengige stilling ved institusjonen. I løpet av 20187 har nettverket vokst i takt med nytilsettingar ved Nord Universitet og Høgskulen i Østfold / NMBU. Det er òg tilsatt nytt studentombod ved Universitetet i Stavanger og ombodet der deltar no aktiv i nettverket.

Studentombodet ved HVL har tatt ei aktiv rolle for støtte opp om og drive frem det nasjonale nettverket. Det har vært viktig å etablere gode løysingar for kommunikasjon og samhandling og Studentombodet HVL har difor vald å nytte ein del tid på dette arbeidet. På lenger sikt vil det forhåpentligvis føre til ei bettre og meir solid teneste for studenta både på HVL og nasjonalt.

Skandinavisk nettverk

Saman med studentomboda på NHH og UiB arrangerte Studentombodet HVL den skandinaviske studentombodskonferansen i 2018. Den blei avholdt på Univeristetet i Bergen og det var deltakarar frå alle dei tre landa. Om lag like monge frå Norge og Sverige og studentambassadøren frå Universitetet i København – som er den einaste stillinga tilsvarande studentombod i Danmark. Erfaringa frå gjennomføringa av konferansen var positive. Frå HVL stilte prodekan frå FHS Anne-Grethe Naustdal med føredrag om skikkavurderingssystemet i Norge.

Den skandinaviske konferansen blir i 2019 arrangert av studentombodet ved UiA i Kristiansand.

Studentomboda i Skandinavia under konferansen i Bergen.

Europeisk nettverk

Føredrag under konferansen i Edinburgh.

For studentombodet var det store høgdepunktet av året å halde ein sesjon om etablering av studentombodstenesta på HVL under den europeiske konferansen i Edinburgh. Ombodstenesta ved HVL skil seg frå dei fleste andre institusjonar med at HVL har mange likeverdige studiestader spredd ut over det ganske Vestland. Det er tidvis ei utfordring å kunne tilby likeverdige tenester til alle dei 16.000 studentane og det var forhåpentlegvis nyttig å kunne snakke litt om denne erfaringa til ombod i resten av Europa.

I løpet av konferansen i Edinburgh blei ombodet kjent med fleire andre ombod i Europa og har knytta eit nettverk som vonaleg vil være til nytte for den videre utviklinga av tenesta på Vestlandet.

Den europeiske konferansen i 2019 er i Léon i Spania og òg denne gongen skla Studentombodet HVL halde ein sesjon på konferansen. I tillegg er det val til styret i organisasjonen, som blei formelt oppretta (etter rundt 15 års ufoirmell drift) i Edinburg i 2018.

Andre samlinga i Norge

Av dei andre samlingane i Norge er det først og fremst juristnettverktet sine samlingar som gir fagleg påfyll til verksemda. I tillegg har det vore givande med samlingane til Universell i samnad med læringsmiljarbeid, likestillings konferansa og Når grenser brytes i samband med seksuell trakassering og skikkanettverkset si samling om skikkavurdering. Eit nyttig innslag i alle konferansane er å sjå gnisnigspunkta mellom tilrettelegging i Universell sitt perspektiv og skikkavurdering i skikkanettverket sitt perspektiv. Det må òg nemnast at både kuset til LDO og skriveseminaret til Juristnettverket ver svært givande for ombodet sitt arbeid. Byggseminaret til LMU traff nokk ikkje så godt på ombodet sitt arbeid og det blir nok ikkje vitja igjen, sjølv om det for dei som driv med eigedom og eigedomsplanlegging nok var veldig godt.

Tilbake til innhaldslista.

Studentombodet i media

Studentombodet har i løpet av 20187 vært lite synleg i media. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å vere ein nyheitsartikkel, men det er tid om nødvendig og tenleg å spre litt offentlig informasjon, spesielt i sektoren.

Oversikt over oppslag

Tilbake til innhaldslista.

Studentombodet på nett

Studentombodet si verksemd er organisert om god digital tilseteværing og det har difor vore naturleg å ta med eit eige underkapittel om det i denne årsmeldinga.

Hovudnettstad

Studentombodet.no er studentombodet sin primære kanal for å nå ut med informasjon både om ombodet sine tenester, rettleiingar og kontaktinformasjon. I løpet av 2018 har ombodet hatt fokus på å betre innhaldet på sida slik at det skal kunne treffe målgruppene, studentar og tilsette, på best mogleg måte. Samstundes har ombodet opparbeida seg ein del erfaring med kva som fungerer og ikkje med ei slik nettside.

Studentombodet.no/en er ei eiga side med engelsk informasjon. Den skule i utgangpsunktet vere tilgjengelig frå vårsemesteret, men er no utsatt til studeistart i august 2019. For våren 2019 vil det i staden vere fokus på dei andre sidene til studentombodet.

I tillegg til hovudnettstaden har studentombodet oppretta to undersider. Den eine er for direkte hjelp til studentane og har nettadressa hjelp.studentombodet.no. Her vil studentane kunne finne korte og konkrete svar på spørsmål dei lurar på og legge inn saker direkte i studentombodet sitt sakshandsamingssystem. Den andre sida som er planlagt for 2019 er wiki.studentombodet.no. Denne sida er ein kunnskapsbank for spørsmål som gjeld universitets- og høgskulerettslege problemstillingar. Den er retta mot juristar og sakshandsamerar som har behov for fordjuping i arbeidet de held på med. Målet med sida er at den skal vere ein varig kunnskapsbank over dei problemstillinga ombodet blir kjent med eller handsamer over tid.

Studentombodet HVL administrerer òg dei uformelle sidene til dei norske og skandianviske studentombodsnettverka.

Sosial mediar

en sosiale profilen til studentombodet er hovudsakleg på Facebook. Det er ingen endring her frå Årsrapporten i 2018. Sida blir primært nytta til deling av korte kunngjeringar og til studentombodet sin juleksalender. Instagram fungerer som ein meir sosial plattform og Snapchat har vært prøvd ut til det same.

I løpet av hausten 2018 prøvde studentombodet ut å ha ein eigen Podcast på nettsida. Dette fungerte i utgangpsunktet ganske godt så lenge formatet var kort og enkelt. Det tok ikkje lang tid å produsere materialet og i ei kost-nytte-vurdering blei det vurdert å legitimere tidsbruken. Når ombodet prøvde med meir komplisert bruk av formatet førte det derimot til at tidsbruken auka til over det som er forsvarleg. For våren 2019 er prosjektet lagt på is. Det er mogleg det blir gjenopptatt i sitt originale format hausten 2019, men då med ei klarare utforming mo målgruppa.

Tilbake til innhaldslista.

Om studentombodet

I dette kapitlet finn du litt meir om organiseringa av studentombodet i dag og utviklingsmål for fremtida. Til sist finn du ombodet sitt mandat.

Tilbake til innhaldslista.

Organisering

Studentombodet har i perioden frem til og med 31. desember 2018 vore organisert i HR-avdelinga i Bergen. Frå 1. januar 2019 er ombodstenesta administrativt organisert direkte under prorektor for samhandling. Det følgande gjeld høva i 2019, før rapporten blir levert rektor og styret.

Administrativ organisering

Studentombodet bad sjølv om å byte organisering vekk frå HR. Dei fleste andre studentombod er organisert i HR. Erfaringane så langt er at organiseringa i prorektor for samhandling si linje er svært positiv. Oppfølginga av ombodet som tilsett er langt betre enn tidlegare og moglegheita for å ha ein konstruktiv dialog om utvikling av tenesta har betra seg betrakteleg.

Økonomi

Studentombodstenesta opererer ikkje med eige budsjett. Ut over kostnader knytt til løn reknar ombodet med at kostnadene knytt direkte til tenesta løyper seg til under 250.000, der vel 200.000 er kostnader knytt til reise. Det må då leggast til at ombodet stort sett nyttar privat overnatting ved vitjing på studiestadane og at det bidreg til å holde reisekostnaden nede.

Dei resterande kostnadene knytt direkte til tenesta er mellom anna kostnader til sakshandsamingsprogram og anna digitalt utstyr og noko fysisk profileringsmateriell.

Personalkostnader

Studentombodet er jurist tilsett som rådgjevar i lønstrinn 64.

Arbeidstid

Arbeidstida er innafor rammene av normalarbeidstida og overtid blir ført som avspasering til gode. I røynda er arbeidstidsbelastinga på grunn av reise mellom studiestadene mv. på om lag 1,1 og 1,2 årsverk. Det er vanskeleg å legge reisetid i normalarbeidstida og det er tilsvarande vanskeleg å planlegge for fornuftig uttak av avspasering. Studentombodet har på tross av ein del avspasering til gode, god restkapasitet til sakshandsaming som kan tas ut ved å samarbeide med fleire institusjonar om tenesta. Det er satt i gang eit arbeid med å undersøke og ev. få på plass slik samarbeid.

Utfordringar med dagens organisering

Den største utfordringa med dagens organisering er at saker vil bli liggande dersom ombodet skulle bli akutt sjuk, eller liknande. Noko av denne utfordringa kan bli møtt med samarbeid om sakshandsamingssystem – som ombodet allereie driv med. På lenger sikt synes det som hensiktsmessig å søke å organisere ombodsfunksjonen i samarbeid med fleire utdanningsinstitusjonar for å få til ei teneste med fleire tilsette, som er meir solid over tid.

Inntil vidare er likevel ombodstenesta ved Høgskulen på Vestlandet i svært god stand til å møte dei utfordringar studentane har. Det er ingen grunn til å vere bekymra – men me kan sjølvsagt bli betre.

Tilbake til innhaldslista.

Utvikling

Om studentombodet hadde hatt ein strategi ville den overordna målsettinga truleg vere “Ein overflødig ressurs”. Studentombodet sin målsetning uavhengig av eksisterande strategi eller ikkje er å vere overflødig i det dagleg og ein ressurs når det trengs – aller helst skal ein ikkje trenge det. Med det som bakteppe ynskjer ombodet å utvikle ei teneste som bidreg til å gjere organisasjonen betre heller enn ei teneste som berre slukka brannar.

Proaktiv tilrettelgging

Studentombodet ynskjer gjennom satsing på digital tilstedeværing å vere til stades når det er behov, utan at studentar og tilsette nødvendigvis treng å kontkate ombodet. Målsettinga er at dei som treng informasjon eller rettleiing skla klare å finne frem til det sjølv. I den fasen ombodet er i no er det mest tenleg å administrere og utforme slik informasjon hurtig sjølv, enten på bakgrunn av konkrete saker eller som førebuing der det synas eit behov. I neste fase kan det vere mogleg å sjå nærare på om institusjonen sjølv ynskjer å overta noko av den informasjonen ombodet utarbeider.

Studentombodet ynksjer å gjere studentane i stand til å sette seg inn i eigne rettar. Arbeidet med å gjere det er i gang med oppretting og utarbeideing av eit eige kurs for studenttillitsvalde på Canvas i løpet av 2019. Målet er at kurset etter kvart skal vere mest mogleg sjølvberande og at studentane kan gå gjennom det på Canvas utan å ta kontakt med studentombodet. I den første fasen ombodet er inni no er det tale om å greie ut behov, før ein kjører eit testkurs på ei gruppe utvalde studenttillitsvalde. Ein kritisk suksessfaktor på lenger sikt er at både HVL sine organ og studentorgana deltar i utarbeidinga på lang sikt. Med tanke på ombodet sin overordna målsetnad om å vere overflødig er det òg ynskjelig å dimensjonere kurset slik at HVL og studentorgana kan utvikle det vidare med minst mogleg bistadn frå ombodet sjølv.

Robuste tenester

Robust er nok eit ord som har nått sin noko ufortente høgde for lenge sida. Likevel har eg vald å nytte det her. For ombodstenesta er det essensielt at ein klarer å bygge ein robust struktur med ein eller annan form for reddundans. I dag er tenesta svært svakt samansatt og om éin person skulle bli akutt sjuk står heile arbeidet som er satt i gang so langt i fare for å falle saman. Studentombodet HVL har signalisert at det er kapasitet til å utvide tenesta til fleire studiestader. Når kapasitetstaket er møtt håper ombodet det vil vere mogleg å etablere ynskjer hos fleire institusjonar på Vestlandet om samarbeid slik at ein kan ende opp med ei robust tenste med fleire tilsette over fleire institusjonar som kan tilby betre sjølvutviklande tenester over tid.

Tilbake til innhaldslista.

Lovefesting og mandat

Tilbake til innhaldslista.

Stortinget sitt krav om lovfesta tilbod

Tilbake til innhaldslista.

Mandat for Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet

§ 1
Studentombodet ved HVL skal vere ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp der studentane har tatt opp eller ønskjer/vurderer å ta opp tilhøve knytt til sin studiesituasjon. Studentombodet skal sjå til at sakene får ein forsvarleg og korrekt handsaming, og at studentane sine rettar vert ivaretekne.

§ 2
Studentombodet skal aktivt informere om sin funksjon til studentane ved HVL, og gje opplæring til studenttillitsvalde om studentanes sine rettar og plikter.

§ 3
Stillinga skal plasserast i organisasjonen på ein måte som syner at studentombodet har ei særleg uavhengig stilling. Studentombodet kan ikkje instruerast i høve til oppgåvene sine og har sjølv ikkje instruksjonsmynde over einingar ved HVL.

§ 4
Studentombodet skal bidra til at saker kan løysast på rett nivå i organisasjonen. Ombodet har sjølv ikkje mynde til å avgjere saker, og er ikkje klage- eller ankeinstans for saker som er handsama og avgjort av andre einingar eller organ ved HVL.

§ 5
Studentombodet skal kvart år rapportere om si verksemd til rektor. Rapportane leggjast fram for høgskulestyret, studentparlamentet og Læringsmiljøutvalet til orientering. Rektor vert fortløpande orientert om spesielt alvorlege saker, eller saker av prinsipiell tyding.

§ 6
Studentombodet kan på eige initiativ fremje saker direkte for høgskulestyret.

§ 7
Studentombodet kan sjølv avgjere om ho/han kan bistå ein student i ei sak eller ikkje. Det skal alltid grunngjevast når ombodet avslå å bistå i ei sak, og avslaget kan ikkje klagas på. Om studentombodet ikkje kan bistå i ei sak, skal ombodet vise studenten vidare til rette instans.

§ 8
Studentombodet har berre innsyn i dokumenta i ei sak i den grad studenten det gjeld har gitt samtykke til innsyn. Studentombodet har teieplikt om alle har tilhøve ho/han vert kjend med gjennom sitt verke etter Forvaltningslova § 13.

§ 9
Verken studentar eller noko organ ved høgskulen har rett til innsyn i studentombodet sine saker.

§ 10
Både studentar og tilsette skal kunne melde frå til studentombodet om kritikkverdige tilhøve knytt til studiesituasjonen ved HVL. Det skal kunne meldast frå konfidensielt.

§ 11
Det er berre høgskulestyret som kan treffe avgjersler om eventuell innskrenking eller nedlegging av studentombodet sitt mandat.

Tilbake til innhaldslista.