Kva kan Studentombodet gjere?

Studentombodet er ei rådgjevande teneste som kan gje deg informasjon og rettleiing om rettar du har som student. I nokre tilfelle kan Studentombodet sjølv ta tak i saka.

Studentombodet si rolle er å vere ein nøytral part i saker mellom studentane og høgskulen. Studentombodet er korkje representant for høgskulen eller studentane, men skal bidra til nøytral opplysing av saker som gjeld studentane sine rettar. I enkeltsaker kan ombodet komme med fråsegn som studentane kan nytte til å syne saka sine juridiske perspektiv.

Studentombodet kan bidra som nøytral part i møter mellom studentane og høgskulen. I enkelte høve kan ombodet òg bidra med mekling mellom partar i ei konfliktsak.

Studentombodet si handsaming av saker er konfidensiell og underlagt teieplikt etter forvaltingslova § 13.

Kor finn du Studentombodet?

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet er til stades på alle studiestadane i løpet av semesteret. Den lettaste måten å komme i kontakt med ombodet på er å sende ein e-post til studentombodet@hvl.no. Du kan sende e-post via kontaktskjemaet du finn på denne sida. Studentombodet er òg tilgjengelig på telefon (+47) 555 87 036, på Facebook og òg via brev.

Studentombodet svarer dei fleste meldingar på e-post og Facebook innan ein dag. I svært hektiske periodar kan det ta lenger tid. Om du ikkje har fått svar innan ei veke kan det vere lurt å sende ei purring. Kanskje har medlinga di blitt stogga av eit e-postfilter eller liknande.

I saker som krev personleg oppøljing vil du få tilbod om eit møte med Studentombodet. Møtet vil alltid finne stad på din studiestad. Det har ikkje noko å seie om du er student i Bergen, Florø, Førde, Haugesund, Kristiansund, Sogndal eller på Stord. I hektiske peridar kan det vere møta må gjennomførast på Skype.

Kven er Studentombodet?