studentombodet.no er gjort tilgjengelig for offentlig testing. Den offisielle lanseringa finn stad 13. august 2018.

    

Nyheiter

Som student vil du møte fleire vilkår for å gå opp til eksamen. Det er mellom anna krav om progresjon, krav om gjennomførte arbeidskrav og krav om oppmøte. Kva krav som gjeld på det einskilde studie vil variere. Om du lurer på kva krav som kan stillast til deg som student eller meiner at krava er urimelige kan du ta kontakt med Studentombodet. Det same gjeld dersom du ikkje har fått den tilrettelgginga du meiner å ha krav på.
Fleirtalet av studentane ved Høgskulen på Vestlandet skal ut i praksis i løpet av studietida. Dersom det oppstår problem i forbindelse med gjennomføring av praksis og du ikkje føler du får god nok hjelp av høgskulen kan du ta kontakt med Studentombodet. Det kan til dømes være problemer med tilrettelgging grunna sjukdom, graviditet, etc. eller det kan vere problemer knytt til selve praksisgjennomføringa som dårleg oppføljing på praksisstaden eller konflikt med praksislærar.
Høgskulen på Vestlandet praktiserer fleire forskjellige eksamensformer som gjev studentane ulike rettar og plikter. Om du er usikker og ikkje finn svar på det du lurer på på hvl.no kan du ta kontakt med Studentombodet. Det same gjeld dersom du har opplevd noko som ikkje var greitt under gjennomføringa av eksamen eller sensur. Studentombodet kan hjelpe deg med klage over feil ved eksamen.

Kva kan Studentombodet gjere?

Studentombodet er ei rådgjevande teneste som kan gje deg informasjon og rettleiing om rettar du har som student. I nokre tilfelle kan Studentombodet sjølv ta tak i saka.

Studentombodet si rolle er å vere ein nøytral part i saker mellom studentane og høgskulen. Studentombodet er korkje representant for høgskulen eller studentane, men skal bidra til nøytral opplysing av saker som gjeld studentane sine rettar. I enkeltsaker kan ombodet komme med fråsegn som studentane kan nytte til å syne saka sine juridiske perspektiv.

Studentombodet kan bidra som nøytral part i møter mellom studentane og høgskulen. I enkelte høve kan ombodet òg bidra med mekling mellom partar i ei konfliktsak.

Studentombodet si handsaming av saker er konfidensiell og underlagt teieplikt etter forvaltingslova § 13.

Kor finn du Studentombodet?

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet er til stades på alle studiestadane i løpet av semesteret. Den lettaste måten å komme i kontakt med ombodet på er å sende ein e-post til studentombodet@hvl.no. Du kan sende e-post via kontaktskjemaet du finn på denne sida. Studentombodet er òg tilgjengelig på telefon (+47) 555 87 036, på Facebook og òg via brev.

Studentombodet svarer dei fleste meldingar på e-post og Facebook innan ein dag. I svært hektiske periodar kan det ta lenger tid. Om du ikkje har fått svar innan ei veke kan det vere lurt å sende ei purring. Kanskje har medlinga di blitt stogga av eit e-postfilter eller liknande.

I saker som krev personleg oppøljing vil du få tilbod om eit møte med Studentombodet. Møtet vil alltid finne stad på din studiestad. Det har ikkje noko å seie om du er student i Bergen, Florø, Førde, Haugesund, Kristiansund, Sogndal eller på Stord. I hektiske peridar kan det vere møta må gjennomførast på Skype.

Kven er Studentombodet?